Nyheitsarkiv

Måndagskåseri: Bjørnen i kyrkja
Publisert: 31/08/2010Hedalen stavkyrkje har eit bjørneskinn. Ulnes kyrkje har ein bjørnelabb. Kvifor er bjørneskinn omtala i 25 norske kyrkjer? Kva har eigentleg bjørnen i ei kyrkje å gjere? Måndag 6. september kl. 11.00 kåserer konservator Jahn Børe Jahnsen om bjørneskinn i mellomalderkyrkjer: Bjørneskinnet i Hedalskyrkja, bjørnelabben i Ulneskyrkja, bjørnekloa i Mo kyrkjeruin, og ”kyrkjebjørnar” elles i Skandinavia.

Jerndagar på Valdres Folkemuseum
Publisert: 28/08/20101.-4. september er det jerndagar att ved Valdres Folkemuseum. Smedar frå heile landet vil syne kunsten å smi, i Lomissmia og i mobile esser. Jernvinna er eit av satsingsområda ved Valdresmusea. Frå og med hausten 2010 er jern og smiing eit av tilboda til barn og unge gjennom formidlingsordninga Den Kulturelle Skulesekken. Les meir om arrangementet under peikaren "Les meir".
Amerikansk admiral på besøk på Valdres Folkemuseum
Publisert: 19/08/2010Sjefen for den amerikanske marine, admiral Gary Roughead, har vore på snarvisitt i Valdres. Årsaken var at fru Roughead har slekt i Valdres, på Gryte i Lomen i Vestre Slidre kommune. Jentenamnet hennar var Veflen, og ho kunne godt hugse bestemora som var fødd i Noreg.

Jerndagar på Valdres Folkemuseum
Publisert: 03/08/2010Nils J. Lykken frå Øystre Slidre kan kunsten å smi jern. 14. og 15. august kjem han til museet og vil demonstrerer smiing i gamle Lomissmia. Barn og ungdom er særleg velkomne! Jernvinne og smiing er eit av fleire satsingsområde ved Valdresmusea. Torill Thømt, 1. konservator ved Valdresmusea, har produsert eit flott hefte om jern i smiing i Valdres og til hausten blir det jerndagar med smiing og foredrag på museet. Sjå kalender.
Auka besøk ved Valdres Folkemuseum
Publisert: 30/07/2010Samanlikna med 2009 har ein ved utgangen av juli ein besøksauke på cirka 4000. Innan Jørn Hilme-stemnet er over vil cirka 20 000 ha besøkt Valdres Folkemuseum i 2010. Vi har enno ikkje tal frå dei andre avdelingane.

Kulturpolitisk seminar
Publisert: 30/07/2010Valdres Folkmeusikkarrangement og Valdresmusea arrangerte kulturpolitisk seminar fredag under Jørn Hilme-stemnet. Tema i år var festival som kulturberar i regionen. Dette er fjerde gongen vi arrangerer eit slikt kulturpolitisk seminar. Etter fleire innlegg var det gode drøftingar av ulike sider ved festiValdres.

Jørn Hilme-stemnet er igang
Publisert: 30/07/2010I år er det femti år sidan Jørn Hilme-stemnet var arrangert for fyrste gong. Stemnet har vokse sidan den gong og i år markerer vi jubileet med eigen jubileumskonsert. Elles er festivalen som før om åra: kurs, dans og flotte konsertar på museumsområdet fredag, laurdag og sundag. Les meir på www.hilme.no

Billettar Sol av Isfolket
Publisert: 22/07/2010Det er framleis mogleg å kjøpe billettar til friluftsteateret Sol av Isfolket. Billettane kan kjøpast på www.billettservice.no, på turistkontoret på Fagernes eller på Valdres Folkemuseum. Vi reserverer billettar for kvar framsyning etter avtale. Ring 61 35 99 00 eller kjøp direkte på museet i opningstida, eller to timar før kvar framsyning.

Åpen dag på Bagnsbergatn gard
Publisert: 20/07/2010Mange møtte fram då det sundag 18. juli vart arrangert Åpen dag på krigsminnestaden Bagnsbergatn gard ovanfor Bagn. Kristian Bergsund, styreformann ved Bagn Bygdesamling, fortalde frå krigshendingane på staden, og det var mogleg å sjå seg om i bygningane med den dramatiske historia.

Stemningsfull kveldsete på Bygdesamlinga
Publisert: 20/07/2010Andris og Bente Hemsing ga dei frammøtte på Bagn Bygdesamling ei musikalsk oppleving dei seint vil gløyme. Låttar og songar frå Sør-Aurdal fekk fram gode minne hos mange i publikum, som også fekk høyre musikk av ungararen Bela Bartok. Etter konserten kunne dei vel 30 frammøtte kose seg med kaffi og vaflar og ein prat med dei trivelege musikarane

Stor interesse for Isfolket
Publisert: 17/07/2010Sol av Isfolket får mykje merksemd i lokal og nasjonal presse for tida. Aftenposten, Dagbladet, Klassekampen, Nationen, Oppland Arbeiderblad og NRK har levert store saker om teateret og Margit Sandemo siste månaden. Særleg nyheita om at Sagaen om Isfolket skal bli tv-serie har vekt interesse i heile landet.

Isfolket er i gang
Publisert: 16/07/2010Ståande applaus for Sol av Isfolket! Skodespelarar og dansarar leverte ein fantastisk premiereframsyning, torsdag 15. juli på Valdres Folkemuseum. Nye scenekunstnarar gjev teateret eit solid løft i årets framsyning: Dansaren Ola Stinnerbom frå Sverige og skodespelarane Ellen Birgitte Winther, Frode Winther og Svein Harry Schöttker Hauge er nye namn i den profesjonelle stammen i år.
Ysting på Tvengestølen
Publisert: 13/07/2010Ysting stod på programmet i dag, for budeie Margit Gardshaug på Tvengestølen. "Stølsdagar" er eit populært tiltak og turistar frå Tyrkia, Nederland, Danmark, Kroatia, Årnes og Gudbrandsdalen fekk sjå korleis kvit ostemasse vart pressa saman i osteforma.
Stølsdagar på Valdres Folkemuseum
Publisert: 13/07/2010"Stølsdagar" har begynt på Valdres Folkemuseum. Måndag kveld samla om lag 20 personar seg om musikken til Atle Lien Jensen. Jensen har motteke fleire prisar (Egil Storbekkens minnepris og Haltegutprisen) for arbeidet med tradisjonsmusikken i Hedmark. Under konserten fekk vi høyre musikk frå grenseområda: Jensen spelte på fløyter, mandolin, einradar, fele - og tungehorn, som han òg har skrive masteroppgåve om på Høgskulen i Rauland.

Kjøp billettar no!
Publisert: 09/07/2010Billettar til Sol av Isfolket kjøper du på www.billettservice.no, i museumsbutikken på Valdres Folkemuseum og på turistkontoret på Fagernes. Hugs at ei oppleving kan vera den aller beste gåve. Teateret er elles godt eksponert i media. Laurdag 10. juli er det reportasje om teateret i Aftenposten. Onsdag 14. juli er Margit Sandemo gjest i NRK Sommeråpent.

Folk og fe på Valdres Folkemuseum
Publisert: 05/07/2010På Kvietunet kan du leve deg 100 år tilbake i tid. Gardsfolket vaskar, lagar mat og hogg ved. På enga syter slåttekaren for at slåttonna går sin gang. Reiedeiene driv med handarbeid i ledige stunder, men er du heldig kan det bli ein kaffisup og nysteikte kvikaker. Born som kjem innom kan få kle seg ut og delta i arbeidet på garden.
Historisk vandring til Hølersetre
Publisert: 30/06/2010Det vart ein minnerik dag for dei 120 som deltok på den historiske vandringa til Hølersetre i Bagn vestås sundag den 27. juni. Om lag 55 personar fekk òg med seg vandringa på den gamle setervegen fram til Hølersetre, med Nikolai Øyhus som ein kunnskapsrik og underhaldande førar.
Badstoga i Brunbakke er på plass
Publisert: 25/06/2010Museumshandverkarane Svein Bergsbakken og Erland Thon har satt opp att den restaurererte badstoga, på Brunbakke i Hedalen. klikk på peikaren Bautahaugen for å få meir info om restaureringa og tilbakeføring av badstoga.
Lukten av historie
Publisert: 25/06/2010Knut Olav Åmås, kultur- og debattredaktør i Aftenposten, sto for den høgtidelege opninga av Velkomstbygget ved Valdres Folkemuseum 7. juni. Vi har fått lov til å legga ut talen hans på våre heimesider, og meiner den er eit interessant innspel til vårt museumsarbeid.

Museumskafeen og Velkomstbygget
Publisert: 22/06/20108. juni opna Valdresmusea museumskafé i Velkomstbygget. Stein Thorsen har fløtta verksemda si frå Fagerborg Gjesthus på Leira, til museet på Fagernes. Kafeen serverer eit mangfald av tradisjonsmat frå Valdres og er ope kvar dag.

Styremøte i strålande vêr på Bautahaugen
Publisert: 22/06/2010Styret for driftsselskapet Valdresmusea AS hadde sitt årlege møte på Bautahaugen 21. juni. Møtet starta med ei befaring i den restaurerte badstua i Brunbakke som no er under oppføring på opphaveleg stad i desse dagar. Etterpå var det befaring på Bautahaugen saman med Elling Fekjær.

Ode til Velkomstbygget
Publisert: 21/06/2010Under middagen for alle Velkomstbygg-involverte framførte konservator og hovudtillitsvalt Jahn Børe Jahnsen ein takkesang.

Vårkonsert med elevar i kulturskulene
Publisert: 15/06/2010Valdresmusea og kulturskulane i Valdres inviterer til vårkonsert med kulturskulelevar frå heile Valdres, i Velkomstbygget på Valdres Folkemuseum, torsdag 17. juni klokka 19.00. Gå ikkje glipp fantastisk musikk i alle sjangrar: band, strykarar og soloinnslag. Sal av pizza, brus og is. Gratis inngang!

Husdyra er på plass denne veka
Publisert: 15/06/2010Valdres Folkemuseum har lange tradisjonar for å ha husdyr på området om sommaren. Denne veka har dei kome på sommarbesøk på museet, og vi ber alle besøkande vera varsame, ha att grinder og ta omsyn til dyra!
Sesongopning ved Valdres Folkemuseum
Publisert: 11/06/2010Sundag 13. juni var det sesongopning ved Valdres Folkemuseum. 150 veteranbilar hadde målgang inne på området, med utstilling og premieutdeling. Det var utstillingar i Velkomstbygget, i nytt utstillingsrom inne i adm.bygningen, og kunstutstilling ute, friluftsgudsteneste i amfiet, spesialomvising for interesserte kl. 12.00 og 14.00, folkemusikk og folkedans i Rognebygningen, open kafè mm. Over 1000 var på museet denne dagen.

1700 på Valdres Folkemuseum
Publisert: 08/06/20101700 menneske hadde funne vegen til Valdres Folkemuseum i samband med det store kongebesøket, måndag 7. juni. Dagen starta med opning av utstillinga Ikon kl. 12.00. Kl. 14.00 var det offisiell opning av Velkomstbygget. Storinnrykket kom kl. 17.00. Då var det mellom 1100 og 1200 besøkande i mafiet.

Kunst i Velkomstbygget
Publisert: 06/06/2010Oppe på galleriet i Velkomstbygget er det plassert ein skulptur. Skulpturen er laga, og gjeve i gåve, av kunstnaren Eva Laila Hilsen. Saman med skupturen er det òg ei miniutstilling med grafikk.

Venit Rex - kongen kommer
Publisert: 06/06/2010På Valdres Folkemuseum er det travel innspurt før stort besøk i morgon, men og ein normal junidag på museet med franske og nederlandske turistbussar, folkemusikkprogram, lappar og kaffeservering for grupper i Nystøga.
Kongebesøk og opning av Velkomstbygget 7. juni
Publisert: 31/05/2010Nord-Aurdal kommune har valt Valdres Folkemuseum som arena for sin del av besøk av Kongeparet. Samstundes opnar Velkomstbygget og utstilling tidlegare på dagen.
244 barnehagebarn på besøk
Publisert: 25/05/2010244 fire- og femåringar frå nesten alle Valdres-kommunane var på "Barnas dag" på Valdres Folkemuseum, tysdag 25. mai. Førskule med frøken Gyda, tresskjering, fôrhopping, lappesteiking, konsert og hestvognkøyring var på programmet under aktivitetsdagen.

Finerplater frå Kina
Publisert: 20/05/2010Kryssfinerplatene i Velkomstbygget ved Valdres Folkemuseum er kinesisk hardwood. Dagleg leiar i Oslo Finerfabrikk, Leif Bohman, og styreleiar i Valdres Folkemuseum AS, Øivind Langseth, gjer greie for saka i dei vedlagte pressemeldingane.

Generalforsamling i Valdres Folkemuseum AS og Valdresmusea AS
Publisert: 14/05/2010Generalforsamlinga handsama berre saker som sto på saklista. Alle vedtak var einstemmige, rekneskapa vart godkjente og Øivind Langseth var attvalt som styreleiar i båe selskapa.

Merantifinér i Velkomstbygget
Publisert: 10/05/2010Valdresmusea har fått informasjon om at finéren som er teke i bruk i Velkomstbygget er kjøpt fra i Kina, og kan vera av truga skog frå Søraust-Asia. Vi beklagar om dette er tilfelle. Om denne saka fører til fortgang for importforbod for truga treslag, så ville det vera bra!

Inviterer til Landbruksdag i Valdres
Publisert: 02/05/2010Enno er det stille og roleg på museumsplassen på Valdres folkemuseum, men landbrukslaga i Valdres ligg i startgropa og planlegg ny Landbruksdag i Valdres. Laurdag 4. september skal det myldre av husdyr, folk og aktivitetar her.
Tyin tilbake til Valdres
Publisert: 02/05/2010Den 106 år gamle veteranbåten "Tyin" er tilbake til Valdres. "Tyin" ble bygget i 1906 og er seks år eldre enn "Bitihorn" på Bygdin. "Tyin" gikk i rutefart på Tyin fra 1906 til sist på 1930-tallet. I 1909 reiste kong Haakon, dronning Maud og kronprins Olav med båten. Til sommeren får vi se "Tyin" i trafikk på Strandefjorden.
Badstova reiser seg
Publisert: 14/04/2010Hausten 2009 starta handverkarane ved Valdresmusea restaureringa av ei gamal badstove frå garden Brunbakke i Hedalen. Badstova er 200 år gamal, har intakt røykomn og hjellar for turking av korn. Restaureringa blir gjort ferdig sommaren 2010. Oppland fylkeskommune og Sør-Aurdal kommune har gjeve økonomiske tilskott.
Snev av urbanitet: Fagernes 1857-2007
Publisert: 30/03/2010Urbanitet og byutvikling er temaet til aurdalsjenta Nina Espeseth Grønbrekk når ho held foredrag i Vennelaget for Valdres Folkemuseum onsdag 7. april. I masteroppgåva si har Grønbrekk sett på utviklinga frå Otto Stuve starta med handel der Fagernes Hotell ligg i dag, og fram til Fagernes fekk bystatus i 2007. Ho gjev oss eit interessant historisk oversyn, men kjem truleg òg med synspunkt på utvikling på Fagernes i dag. Dette er den andre foredragskvelden Vennelaget arrangerer i år, i ein serie på fire.

Open dag, laurdag 20. mars
Publisert: 18/03/2010Valdres Folkemuseum inviterer til open dag laurdag 20. mars klokka 12.00. Det blir omvisingar i Velkomstbygget klokka 12.00 og 14.00. Teiknekrok for ungar og akebakke for store og små. Kl. 13.00 lanserer vi "Valdressjalet", dette er rekonstruerte ullsjal frå Valdres Folkemuseum sine samlingar. Servering av saft, bollar og kaffi. Det blir også høve til å handle i butikken til nedsette prisar.
Kurs med Hans og Sonja Allbäck
Publisert: 16/03/2010I samband med restaureringa av Bjørkheimstølen i Vestre Slidre arrangerer Valdresmusea og Valdres Natur- og Kulturpark ein kursserie i eldre handverksteknikkar. Kurs i restaurering av vindauge blir arrangert 18.–19. mars på Valdres Folkemuseum. Instruktørar er Sonja og Hans Allbäck.

Vår eigen Helgen
Publisert: 17/02/2010Arkeolog og tidlegare fylkeskonservator i Buskerud, Geir Helgen (1939-) er ein kjent mann i museumskretsen. No vandrar utstillinga "Museums - the world inside" rundt om i Europa, og blir synt fram i Noreg i 2011. Geir Helgen har sidan 1996 vore engasjert i ICOMs International Committee for Regional Museums som stadig publiserer karikaturane hans. Geir Helgen er magister i arkeologi og har jobba ved Historisk Museum i Bergen, Oldsakssamlingen i Oslo, og som fylkeskonservator i Buskerud.

Uleportalen heim til Valdres
Publisert: 10/02/2010Etter 150 år i dansk varetekt kommer portalen fra Ule-kirka hjem til Valdres. Portalen vil være på plass i det nye velkomstbygget til åpninga i juni, og vil stå her fram til høsten 2011. Valdres har seks stavkirker bevart, mer enn noe annet dalføre. Men her har vært hele 19 stavkirker i middelalderen. En av dem var Ule-kirka i østre Bagn. Kirka kan være fra 1200-tallet, men er nevnt først i 1327. Ule-kirka ble revet ca. 1700, kanskje så seint som i 1735, da Bagn kirke ble bygget.
Årsprogrammet er ute!
Publisert: 10/02/2010Valdresmusea ligg ikkje på latsida. I kalendaren finn du oversikt over aktivitetar og arrangement ved dei fire avdelingane. Opning av Velkomstbygget, lansering av nye skilt, konsertar og festivalar - i tillegg til daglege omvisingar og folkemusikk og folkedans i dei gamle husa. Vi gjer merksam på at det kan koma endringar etter kvart.

Romani-konsert på Valdres
Publisert: 09/02/2010Taterviser med Hilmar ”Bussi” Karlsen, Slidrehuset, Valdres Folkemuseum, fredag 7. mai kl. 18.00. Billett kroner 75,-. Sal av cd-en "Høstdrømmers natt". Arrangør: Valdresmusea AS og Folkeakademiet.
Den kulturelle skulesekken 2010-2011
Publisert: 03/02/2010Valdresmusea tilbyr 13 undervisingsopplegg i skuleåret 2010–2011. Opplegga er tilpassa skuleelevar i alle aldrar, og er jamført læreplanmål for kunnskapsløftet. "Rite runar", "Musikkmagi" og "Andre verdskrigen i Valdres" er nye tilbod ved Valdresmusea. 1363 skuleelevar frå heile Valdres fekk undervising ved Valdresmusea i 2009. Det er ei auke på 515 frå året før.

Isfolket AS søkjer dagleg leiar
Publisert: 30/12/2009Isfolket AS søkjer dagleg leiar til utvikling og drift av selskapet og teateroppsetjinga Sol av Isfolket. For meir informasjon om stillinga, kontakt Bufar Råd & Rekruttering AS v/ Siv Anette Mæhlum, mobil 918 50 944 eller Stig Jemterud Solberg, mobil 412 20 910.
Populær Skarke
Publisert: 30/11/2009Over 400 besøkande koste seg i flott vintervêr på Valdres Folkemuseum sundag 29. november. Skarke er eit tradisjonsrikt arrangement, som i år la vekt på demonstrasjon av eldre handverk og sal tradisjonskost. "Liflige Fristelser Fra det Valdreske Kjøkken", på Slidrehuset, var ein populær stasjon. Her var det heimelaga daddelkonfekt, karamellknekk og brente mandlar som stod på menyen.
Austnorsk folkemusikksenter er i gang
Publisert: 19/11/2009Etter to år i støypeskeia er Austnorsk folkemusikksenter i gang. Under stiftingsmøtet 30. oktober vedtok Valdresmusea, Valdres folkemusikkarrangement og Valdres folkemusikklag å etablere ei medlemsforeining for utøvarar innafor sjangrane folkemusikk, jazz og rock på Austlandet.
Skarke på Valdres Folkemuseum
Publisert: 14/11/2009Tida før jul blir i Valdres kalla skarke. Då startar vi førebuingane til jul: baking, rundvask, matstell og slakt. Sundag 29. november er det tid for skarke på Valdres Folkemuseum. Då fyrar vi i omnane og steller i stand til god, gamaldags førjulstid. Skarke blir arrangert for 15. gong og er eit tradisjonsrikt arrangement ved museet.
Reddar kulturarven
Publisert: 04/11/2009Kenneth Offerdal og Arne Kristoffer Lerhol Stendebakken ved Valdresmusea utfører i desse dagar eit viktig arbeid ved Valdres Folkemuseum. På 1950-talet tok fotograf Helge Skappel ein mengde flyfoto i samarbeid med flyselskapet Wiederø. I snart 50 år har fotografia vore utsatte for slitasje og dårleg lagring. No blir fotografia merkt og lagt over i syrefrie konvoluttar. Fotosamlinga er viktig kjelde til kunnskap om endring i landskap og byggjeskikk.

Nettstad for Mikkjel Fønhus
Publisert: 27/10/2009Det har lenge vore eit ynske å etablere eige nettstad om Mikkjel Fønhus, med informasjon om forfattaren, hjartesaker han jobba med, oversikt over bokproduksjonen, bilete, film og lyd. No er det etablert ei Fønhusgruppe saman med Fønhus si dotter Gudbjørg, sønene hennar, Valdres Natur- og Kulturpark, Sør-Aurdal kommune, deltakarar frå kulturlivet, lokale eldsjeler og næringslivet.
Vellukka murarkurs på Bjørkheimstølen
Publisert: 12/09/200914 karar var i sving på Bjørkheimstølen i helga, då Valdresmusea arrangerte kurs i turrsteinmuring. I to dagar har handverkarar og verneinteresserte lært kunsten å reise kistemur og støttemur. Instruktør Espen Marthinsen gav god instruksjon, og held i tillegg eit inspirerande foredrag fredag kveld på museet.
Vellukka open dag ved Rensenn
Publisert: 09/09/2009Laurdag 5. september fekk publikum sjå resultata av dei arkeologiske utgravingane ved Rensenn. Samisk eldstad, kokegrop og smie fortel om tre bruksfasar på plassen. Dagen vart avslutta med konsert. Tuftene ligg i eit aktivt stølsområde og gjennom musikk og forteljing fekk publikum innblikk i lokale stølstradisjonar.

Har passert 100 000 kroner
Publisert: 09/09/2009I samband med bygginga av det nye velkomstbygget og i samarbeid med avisa Valdres, har Valdresmusea starta ein innsamlingsaksjon. Per 9. september har det kome inn 104 000 kroner. Vi takkar alle som har gjeve pengar og oppmodar fleire til å gjere det same. Bankkonto 1604.07.09375. Merk innbetalinga "Gåve velkomstbygget", namn og adresse.

Mangfald i magasina - seminar på Valdres Folkemusuem
Publisert: 01/09/2009Torsdag 24. september skipar Valdresmusea til seminar om mangfaldig musikk og musikkinstrument i musea og museumssamlingane. Under seminaret drøftar vi utfordringar i arbeidet med dokumentasjon og formidling av det fleirkulturelle Noreg. Seminar på Valdres Folkemuseum, Fagernes
Landbruksdagen på Valdres Folkemuseum
Publisert: 26/08/2009Laurdag 5. september inviterer aktørane i landbruket i Valdres til ei brei mønstring av mykje av det beste Valdres-landbruket har å by på. Det blir husdyrutstilling, framvisning av ulike vekstar, demonstrasjon av lokal matproduksjon og fleire kulturinnslag. Landbruksdagen har mange aktivitetar som er tilrettelagt for barn.
Open dag på Rennsenn i Vestre Slidre
Publisert: 19/08/2009Sist i august startar arkeologar frå Kulturhistorisk museum og Oppland fylkeskommune utgravinga av sametuftene ved Rennsenn i Vestre Slidre. I samband med utgravinga skipar Oppland fylkeskommune og Valdresmusea til ein open dag, laurdag 5. september, ved dei gamle tuftene.

Nærmar seg 100 000!
Publisert: 06/08/2009I samarbeid med avisa Valdres har Valdresmusea starta ei kronerulling. Brevgiro er sendt alle husstandane i Valdres. Per 18. august har det kome inn 97 100 kroner. Vi takkar alle som har gjeve pengar og oppmodar fleire til å gjere det same. Bankkonto 1604.07.09375. Merk innbetalinga "Gåve velkomstbygget", namn og adresse.

Heidi og Paul-Ottar i NRK Sommeråpent
Publisert: 28/07/2009Skodespelarane Heidi Ruud Ellingsen og Paul-Ottar Haga var i går kveld gjester i NRK Sommeråpent. I lekre klede frå HOTNOK syrgde dei for Valdres-reklame av beste sort, medan dei snakka varmt om teateret, billettsalet, Margit Sandemo, folkemusikken, folkedansen og dugnadsinnsatsen i Valdres.

Innsamlingsaksjon for nybygget
Publisert: 21/07/2009I samarbeid med avisa Valdres har Valdresmusea starta ein innsamlingsaksjon. Brevgiro er sendt husstandane i Valdres. No har det kome inn 24 300 kroner. Vi takkar alle som til no har gjeve pengar til nybygget og oppmodar fleire til å gjere det same. Bankkonto 1604.07.09375. Merk innbetalinga "Gåve velkomstbygget", namn og adresse.
Eit godt halvår for Valdres Folkemuseum
Publisert: 21/07/2009Valdres Folkemuseum registrerer besøkande kvar dag. 7 000 besøkte museet fyrste halvår av 2009. Vi manglar liknande tal frå dei andre avdelingane for same periode. I tillegg til dei registrerte besøkande, lyt vi rekne med alle som går tur på området utanom opningstidene.

Kulturpolitisk seminar
Publisert: 21/07/2009Det nystarta Valdres Folkemusikkarrangement AS (Jørn Hilme-stemnet og Strunkeveko) og Valdresmusea arrangerer i år som i fjor kulturpolitisk seminar på Valdres Folkehøgskule fredag 24. juli. I år fokuserer vi på regionale musikarordningar og arbeidet med etableringa av eit kompetansesenter for rytmisk musikk i Valdres.

Langeleikens dag
Publisert: 15/07/2009Laurdag 18. juli er det langeleikens dag på Bagn Bygdesamling. Elisabeth Kværne fortel om langeleiktradisjonar og utøvarar, bl.a. Ola Brenno og Ragna Brenno Frydenberg. Langeleikspel ved Lene Kullhuset.

Stølskonsert
Publisert: 09/07/2009Vi held på tradisjonane! Også i år blir det konsert på Tvengestølen på Valdres Folkemuseum. Heile veka skipar vi til arrangementet "Liv på stølen", og torsdag 16. juli kl. 19.00 inviterer budeia til konsert.
Folkemusikk- og dansframsyning
Publisert: 07/07/2009Valdresmusea inviterer til folkemusikk- og folkedansframsyning, torsdag 9. juli kl. 19.00 på Valdres Folkemuseum. Folkemusikkmiljøet i Valdres vil vise eit breitt og variert utval av tradisjonane innanfor folkemusikk og folkedans.
Så kom etnedølene
Publisert: 03/07/2009Endeleg er etnedølene på plass, i Flatigardsbygningen på Valdres Folkemuseum. Og det tok ikkje lang tid før kakebakst, flesk og duppe stod på bordet. I morgon held dei fram med leikarring i amfiet og ball i storsalen i Flatigarden. Gå ikkje glipp av levande musikk, herlege kaker og frisk champagne.
Golvet på plass
Publisert: 02/07/2009Det nye velkomstbygget har fått golv! 1. juli heiste karane og kranene svære betongelement på plass over kjellaren, som skal innehalde mellom anna magasin, inntaksrom og lagerrom for Valdres historielag .
Etnedalshelg på Valdres Folkemuseum
Publisert: 01/07/2009Fredag 3. – sundag 5. juli er det tid for tradisjonsrike Etnedalshelg på Valdres Folkemuseum. For niande året på rad gjev etnedølane farge til dei gamle husa på museet. Gamle handverk, matlaging, ball på storgarden, gudsteneste, musikk, dans, forteljing og humor er ingrediensar i Etnedalshelg.
Museale forstyrrelser
Publisert: 24/06/2009Valdresmusea syner filmen "Per Spelemann/Pierre le Ménetrier" på Valdres Folkemuseum, kvar dag i sommarsesongen. Filmen vart vist fyrste gong i 2008. Saman med skiltutstillinga "Alt om min far" er dette Norsk Kulturråd si nysatsing på formidling i musea. Utstillinga vart til i samband med markeringa av mangfaldsåret i 2008.
Kurs i gamle handverk
Publisert: 24/06/2009I samband med restaureringa av Bjørkheimstølen i Vestre Slidre Statsallmenning, arrangerer Valdresmusea ein kursserie i eldre handverksteknikkar og byggjekonstruksjonar. Målet med kursa er å byggje nettverk og varig kompetanse som vil koma handverkarar, eigarar, produsentar og verneinteresserte i regionen til gode. Valdresmusea er administrativt og fagleg ansvarleg for kursa.
Keramikkutstilling på Valdres Folkemuseum
Publisert: 23/06/2009Laurdag 27. juni – måndag 10. august presenterer Valdresmusea ei salsutstilling av keramikkunstnaren Tony Andersen, på Valdres Folkemuseum. Utstillinga opnar laurdag 27. juni klokka 13.00.
220 ungar på Barnas dag
Publisert: 31/05/2009220 ungar frå nesten heile Valdres storkosa seg under Barnas dag, tysdag 26. mai på Valdres Folkemuseum. Konsert i Rognebygningen, strikkbåtar på Tvengestølen, Gråtass, stylter og leik på Museumsplassen og lappesteiking i Etnedalstunet slo an, i år som i fjor. Nytt av året og høgdepunkt under arrangementet var nok likevel riding i Kviistunet og fôrhopping i Kviislåven. Arrangementet fekk brei omtale i avisa Valdres, Oppland Arbeiderblad og NRK.

Vårkonsert med kulturskuleelevar
Publisert: 14/05/2009Valdresmusea og kulturskulane i Valdres inviterer til vårkonsert med kulturskulelevar frå heile Valdres, i amfiet på Valdres Folkemuseum, tysdag 19. mai klokka 18.00. Gå ikkje glipp fantastisk musikk i alle sjangrar: band, strykarar, korps og soloinnslag. Ved regn blir konserten fløtt til Kulturhuset i Fagernes sentrum. Gratis inngang.

50 000 til "Adopsjon av kulturminne"
Publisert: 04/05/2009Frå ABM-utvikling har Valdresmusea fått 50 000 kroner til skuleprosjektet "Adopsjon av kulturminne". Prosjektet skal gjera barn og ungdom til kulturminneforvaltarar i eiga nærmiljø. Undervising i klasserom, dokumentasjon, restaurering og skjøtsel er døme på innfallsvinklar i "Adopsjon av kulturminne".
Pilegrim i Valdres?
Publisert: 21/04/2009Ikkje alle pilegrimsvegar går til Nidaros. Eit anna viktig valfartsmål var St. Thomas-kyrkja på Filefjell. 26. juni - 4. juli kan du vera med på ein ny sesong med pilegrimsvandring i Valdres. Langs vegen får du sjå fem stavkyrkjer, fire olavsminne, tre steinkyrkjer frå mellomalderen, to relikvieskrin og andre kulturminne.

50 000 til Ikon-utstilling
Publisert: 30/03/2009Norsk Kulturråd har i møte 27. mars gjeve 50 000 kroner i tilskott til kunst- og dokumentasjonsprosjektet Ikon. 224 ungdomsskuleelevar i heile Valdres tek del i prosjektet, som elles blir støtte av Valdres Natur- og Kulturpark og Oppland fylkeskommune.

Ikon er i gang
Publisert: 26/03/2009Valdresmusea si kulturminneår-satsing, Ikon, er godt i gang. I etterkant av dei fyrste skulebesøka, strøymer no elevbidraga inn. Valdresmusea inviterer alle 8. klassingane i Valdres til å vera med å dokumentere si eiga samtid. Arbeidet vil resultere i utstillinga Ikon på Valdres Folkemuseum hausten 2009.
Vellukka dokkeutstilling på Valdres Folkemuseum
Publisert: 12/03/2009150 skuleelevar teikna seg gjennom norsk bunad- og folkedrakthistorie, i samband med dokkeustillinga på Valdres Folkemuseum. 37 dokker, produserte av medlemmane i Norsk folkedraktforum, synte drakttradisjonar frå heile landet. Utstillinga vart presentert i perioden 10. mars til 26. mars.
Arkivtreff med Knut Trøen
Publisert: 25/02/2009Tysdag 3. mars klokka 19.00 er det treff på Valdres folkemusikkarkiv med spelemannen Knut Trøen. Me oppfordrar alle interesserte til å møte opp til eit rikhaldig djupdukk i arkivbasen.

40 000 besøkte valdresmusea i 2008
Publisert: 12/02/20092008 var eit aktivit år for Valdresmusea med 40 000 besøkande gjennnom heile året. Dette er rekordtal for dei siste 11 åra. Talet på skuleungar er også høgare enn nokon gong. Dette er i tråd med museet si satsing på eit differensiert tilbod til ulike grupper, i godt samarbeid med andre aktørar i regionen.
Sommarjobb ved Valdresmusea
Publisert: 11/02/2009Er du sosial, likar utfordringar, interessert i historie og glad i å arbeide med menneske? Då er du kanskje den rette for oss!
Valdresmusea på facebook
Publisert: 05/02/2009Valdresmusea er på facebook! No kan du bli facebook-ven med Valdresmusea gjennom gruppa "Tilsette ved Valdresmusea". Klikk deg fram og be om medlemskap. I gruppa deler vi gamle sommarminne, kakeoppskrifter og anna informasjon om musea. Museet har elles eit ynskje om å rekruttere nye omvisarar, musikarar, dansarar, og å spreie informasjon om musea til nye brukarar.

Å de penga - å de penga
Publisert: 30/01/2009Valdresmusea er med i markeringa av kulturminneåret 2009, og i samarbeid med avisa Valdres presenterer Valdresmusea eitt kulturminne kvar månad, i avisa Valdres. Fyrste artikkel handlar om pengar og er skrive av konservator Jahn Børe Jahnsen. Allereie no kan du lese Jahnsen sin artikkel på heimesida til Valdresmusea, under fana "kulturminneåret 2009", til venstre i skjermbilete.
Set i stand gamal steinbryggje
Publisert: 08/01/2009Den som kom vassvegen til Bygdin i gamle dagar kunne unngå å leggje merke til den store steinbryggja ved Fagerstrand, vest for Bygdin hotell. Det er over 70 år sidan bryggja gjekk ut av bruk, og sidan den gongen har vær og vind, og vassreguleringa frå 1936 sett sine spor på bryggja. Våren 2009 set Vang historielag og Valdres historielag i gang ei omfattande restaurering av bryggja. Arbeidet blir støtta av Valdres Natur- og Kulturpark, Glommen & Laagen brukseierforening og Valdresmusea AS.
Arkiv nr. 500 i Opplandsarkivet
Publisert: 06/01/2009Opplandsarkivet tek vare på arkiv etter personar, foreiningar og bedrifter i Valdres. Arkiv nr. 500 er arkivet etter Liasol Ungdomslag i Liagrenda i Sør-Aurdal kommune. Liasol Ungdomslag var aktivt i åra 1898-1939. Arkivet inneheld møteprotokollen for heile perioden, samt lagsavisa ”Fram” for åra 1930-1933.
Kulturminneåret 2009 - i Valdres
Publisert: 12/12/2008Valdresmusea og Valdres Natur- og Kulturpark er med i markeringa av kulturminneåret i 2009. Fagartiklar, kunstprosjektet Ikon og kulturminneløype er nokre av aktivitetane me steller til. Meir informasjon om Ikon, og etterkvart fleire fagartiklar, finn du i peikaren til venstre på skjermbilete.
Julehangkle på Valdres Folkemuseum
Publisert: 03/12/2008Tradisjonen med å henge stasklede over kristneteppa i julehøgtida, er ein gamal skikk i Valdres. Det er særleg frå Nord-Aurdal, Slidre-bygdene og Vang ein kjenner til denne tradisjonen, sjølv om det er bevara gamle flettingar frå sørre Valdres òg. I samband med skarke-arrangementet på Valdres Folkemuseum sundag 30. november vart det laga ei lita utstilling med gamle julehangkle frå Valdres.

Vedtak om bygging av nytt administrasjonsbygg
Publisert: 01/12/2008Onsdag 26. november fatta styret for Valdres Folkemuseum eit historisk vedtak. Til våren startar nemleg bygginga av det nye administrasjonsbygget på Valdres Folkemuseum. Prosessen omkring nybygg på museet har gått føre seg i snart ti år. Det er Lund Hagem Arkitekter AS som har utarbeidd teikningane. Entreprenørfirmaet Sanne Hauglid AS står for bygginga. Meir informasjon følgjer.
Vellukka skarke på Valdres Folkemuseum
Publisert: 01/12/2008Lefser, småkaker, lys-støyping og vinterstemning lokka 450 personar til skarke på Valdres Folkemuseum, førre sundag. Inne i administrasjonsbygningen held folkeminnegranskar Ørnulf Hodne foredrag om eldre førjulstradisjonar, medan Tordis Remmen og Ragnhild Onstad synte gamle handverksteknikkar som filering og firfletting.
Skarke på Valdres Folkemuseum
Publisert: 13/11/2008Tida før jul blir i Valdres kalla skarke. Då gjer ein seg ferdig med førebuinga av matstellet til jul, julebakst og rundvask. I skarka på Valdres Folkemuseum fyrer me i omnane og steller i stand god, gamaldags førjulstid. Under arrangementet kan du vera med på mellom anna lefsebaking, steiking av hardangerlefser, kanefart, støyping av lys, folkemusikk- og folkedanskonsert, basar og foredrag.
Møte om nyreligiøsitet samla mange
Publisert: 05/11/200860 møtte fram på Slidrehuset, tysdag 4. november, for å høyre førsteamanuensis Arild Romarheim fortelje om nyreligiøsitet, og om Margit Sandemo. Romarheim fortalde om rørsla, som har vokse fram i den vestlege verda gjennom dei siste 150 åra, og om dei viktigaste skilja mellom ein før-moderne trusoppfatting og ein moderne trusoppfatting. Etter foredraget vart det debatt. Eit engasjert publikum kasta seg utpå med spørsmål om det meste; Lucifer-karakteren, om museet sin faglege integritet i arbeidet med teateroppsetjinga Sol av Isfolket, om religion og merkevarebygging, om passive og aktive gudar, om menneske i sentrum for sin eigen religion, og om konsekvensane av ein individorientert nyreligisøsitet.

Valdresmålet og andre "herlege dølamål"
Publisert: 27/10/2008Fredag 31. oktober kjem Arne Torp til Valdres Folkemuseum for å tale om midlandsmåla, med særleg vekt på valdresmålet. Han tek for seg det som kjenneteiknar midlandsmåla, og viser korleis desse målføra har halde på særdrag like frå norrøn tid. Arne Torp er professor ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo, der han underviser i målføre, språkhistorie og norrønt. Arrangør: Vennelaget for Valdres Folkemuseum og Valdres Mållag.

Margit Sandemo og den mystiske Lucifer
Publisert: 21/10/2008Valdresmusea og Valdres Katolske Forum inviterer til foredrag og debatt, om kristentru og nyreligiøsitet, tysdag 4. november klokka 19.00 på Slidrehuset på Valdres Folkemuseum. Foredragshaldar er førsteamanuensis i religionsvitskap ved Det teologiske Menighetsfaktultet, Arild Romarheim.
Byvandring og teikning for skulelevar
Publisert: 08/10/200845 åttandeklassingar frå Øystre Slidre barne- og ungdomsskule fekk innføring i byggjeskikk og arkitektur på Fagernes, onsdag 8. oktober. Gjennom teikning og forelesing opna ungdomane auga for mangfaldet av stiluttrykk i Fagernes.

Romani-konsert på Slidrehuset
Publisert: 25/09/2008Taterviser med Hilmar ”Bussi” Karlsen, Hans Magnar Østlien og Stein Tore Sønsteli. Slidrehuset, Valdres Folkemuseum, torsdag 25. september kl. 19.30. Billett kroner 100,- (inkl. kaffe). Arrangør: Valdresmusea AS, Nord-Aurdal kommune og Folkeakademiet.

Seda - myrfolket, ny utstilling
Publisert: 25/09/2008Tidlig på 2000-talet laga filmprodusent Kaspars Goba ein dokumentarfilm og ei fotoutstilling om byen Seda. Utstillinga vart presentert fyrste gong i Noreg 7. mai 2008 på Maihaugen. Seda – myrfolket er no ei vandreutstilling, opning på Valdres Folkemuseum måndag 29. september klokka 12.00.
"Mat i fortid og framtid" godt i gang
Publisert: 16/09/200882 ungar frå heile Valdres fekk tysdag 16. september baka lomper, plukka potet, skore og male korn og steikt kvikake, som del av undervisingsopplegget "Mat i fortid og framtid". Nils J. Lykken frå Beito viste kunsten å laga bendil, og Espen Overdevest frå Skrautvål imponerte med suveren skjæreteknikk i kornåkeren. Onsdag er det venta 102 nye ungar på same skuleopplegget.

Produkt frå instrumentverkstaden
Publisert: 11/09/2008Ved instrumentverkstaden er det ei flunka ny hardingfele (full-storleik) til sals. Hardingfela er produsert av Knut Opheimsbakken, og kostar kroner 40 000 + mva. På oppdrag frå Hardanger folkemuseum er det også produsert ein kopi av diktarkongen Olav H. Hauge sin langeleik. Langeleiken blir å høyre under bokdagen i Den Norske Opera sundag 21. september.

Hijab og andre hovudplagg
Publisert: 11/09/2008Hijaben er omdiskutert i mange vestlege land. Men går me hundre år tilbake i tid, var det vanleg også blant norske kvinner å dekkje til håret, med tørkle eller lue eller andre hovudplagg. Dette får du høyre meir om på foredrag sundag 14. september kl. 19.00 på Valdres Folkemuseum.
Programsamling for Verdiskapingsprogrammet, 2.-4. september
Publisert: 03/09/2008Verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet er på tredagars samling i Valdres. Riksantikvaren, Valdresmusea, fylkeskommunen er tre av fleire innleiarar. Problemstillingane vekslar frå kulturminne i eit verdiskapingsperspektiv, til vedlikehald, skjøtsel og drift av kulturminne og kulturlandskap. Onsdag kveld er det samling for deltakarne i Nystøga på Valdres Folkemuseum.

Sol av Isfolket, ein suksess
Publisert: 11/08/2008Sol av Isfolket er allereie ein stor suksess med rosande omtale i dei fleste norske riksaviser, radio og TV. Premieredagen skinte sola om kapp med ei rørt Margit Sandemo, som entra amfiet til ståande applaus frå 800 begeistra publikumarar. Sjå elles www.isfolket.no for meir informasjon og Sol av Isfolket.
Dans på tusen golv
Publisert: 26/07/2008Tradisjonsrike Jørn Hilme-stemnet vart gjennomført for 48. gong på Valdres Folkemuseum. Fredag kveld samla fleire hundre seg til tonane frå mellom anna Bjørgokrysset og Valdres gamaldansklubb. Laurdagskevlden var Helene Bøksle det store trekkplasteret på Tvengestølen, og samla vel 500 tilskodarar. Intimkonsertar, fjelltur, dans, mat og drikke gjer Jørn Hilme-stemnet, nok ein gong, til landets flottaste folkemusikkfestival.
Utstillingar på Valdres Folkemuseum
Publisert: 24/07/2008Dei fleste let seg imponere av bunad- og folkedraktutstillinga på Valdres Folkemuseum. Utstillinga er den største konsentrerte bunad- og folkedraktutstillinga i landet, og syner norske klede i skjeringspunktet mellom internasjonale moteimpulsar og lokale tradisjonar. Museet har andre utstillingar i sumar òg. "Museale forstyrrelser" i samarbeid med Norsk Kulturråd, gamle trøbilar og bunaddokker, mellom anna. Klikk deg vidare med peikarane "utstillingar" og "samlingar", under Valdres Folkemuseum i topplina.

Sol av Isfolket, ekstraframsyning
Publisert: 24/07/2008Spektakulær ekstraframsyning i fullmånenatt. Laurdag 16. august klokka 24.00 er det duka for magisk nattframsyning av Sol av Isfolket. Billettane er lagt utfor sal på Billettservice sine heimesider og på Valdres Folkemuseum.

Trekkspel og sveivegrammofon
Publisert: 21/07/2008Onsdag 16. jula vart det trongt i stølstrøen på Tvengestølen. Den tradisjonsrike stølskonserten samla 41 publikummarar, som fekk ta del i musikkmagi av ypparste sort. Ingunn Bjørgo, Håkon Mikael Kjøbli, Sondre Kjøbli, Ingebjørg Hegge Bratrud og ein sveivegrammofon stod for underhaldninga.

Ny formidlar ved Bunad- og folkedraktrådet
Publisert: 03/07/2008Camilla Rudrud (32) har takka ja til stillinga som formidlar ved Bunad- og folkedraktrådet. Ho har mastergrad i Middelalderstudier, med etnologi, historie, kunsthistorie og museumskunnskap i fagkrinsen. Valdresmusea ynskjer Rudrud velkomen til Valdres.
Etnedalshelg på Valdres Folkemuseum
Publisert: 01/07/20084.–6. juli er det tid for tradisjonsrike Etnedalshelg på Valdres Folkemuseum. For åttande året på rad set etnedølene farge til dei gamle husa på museet. Handverk, matlaging, ball på storgarden, gudsteneste, musikk og dans er ingrediensar i Etnedalshelg. Arrangør er Valdresmusea AS og Etnedal kommune i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar i Etnedal.
Fagernes-heftet er lansert
Publisert: 27/06/2008Det nye Fagernes-heftet vart lansert onsdag 25. juni, under museet sin presentasjon for Fylkestinget i Oppland. Heftet er ei kulturhistorisk artikkelsamling på 32 sider om Fagernes, og skildrar bygdebyen frå etableringa av den fyrste handelsverksemda i 1857 og fram til idag. Byggjeskikk, handel, reiseliv, Strandefjorden, Valdresbanen, samferdsle og idrett er nokre av dei andre tema i heftet, som er gratis. Heftet er tilgjengeleg på museet og dei fleste turist- og reiselivsverksemder i Valdres.
Befaring i Etnedal
Publisert: 13/06/2008Måndag 16. juni var tilsette ved Valdres Folkemuseum på befaring i Etnedal. Sveitsarhuset Fossheim og gravplassen "Gravstan" vart undersøkt nærmare. Eigaren av "Gravstan" har motteke støtte frå Etnedal kommune og Norsk Kulturminnefond, og denne veka starta arbeidet med å setja istand dei gamle murane.
.jpg)
Per Spelemann på Valdres Folkemuseum
Publisert: 05/06/2008Valdresmusea AS syner videoen Per Spelemann/Pierre le Ménetrier kvar onsdag og sundag klokka 14.00, i Skattebustogo på Valdres Folkemuseum.

Poteten er i jorda
Publisert: 26/05/2008Museumsbøndene Knut Biribakken og Gunnar Bratrud har starta våronna på Valdres Folkemuseum. No er poteten i jorda både på Kvie og Frigstad. Til hausten blir det potetgravst for alle 6. klassingane i Valdres, i samband med undervisningsprogrammet Mat i fortid og framtid.

HM Kongens Gardes Musikk- og Drillkompani
Publisert: 23/05/2008Kjem til Fagernes laurdag 31. mai. Drilloppvising klokka 15.00 ved avisa Valdres. Konsert og drilloppvisning klokka 16.00 på museumsplassen på Valdres Folkemuseum. Inngang på museet, kroner 50. Barn under 16 år og korpsmusikarar går gratis.
Sols scene tar form
Publisert: 23/05/2008Den nye utescenen på Valdres Folkemuseum tar form. Scenograf Lars Jacob Jakobssen og fire snekkere fra Västanå Teater har reist 18 stolper som fondvegg mot fjorden. Scenen vil vere ferdig til intensivøvingene starter 4. juli.
17. mai feiring på Valdres Folkemuseum
Publisert: 19/05/200817. mai feiringa på Valdres Folkemuseum vart gjennomført på tradisjonelt vis med flaggborg, tale, underhaldning og kakeeting. Fred, friheit og menneskerettar var som vanleg godt innpakka i vadmel, silke og middagsbuffet. Ungar frå Fagernes skule sytte for morosam underhaldning.
Amerikahuset på Valdres Folkemuseum
Publisert: 16/05/2008Fredag 16. mai fekk dei tilsette ved Valdresmusea AS ei spesialomvising i Amerikhuset. Konservator ved Valdresmusea AS Jahn Børe Jahnsen har forska mykje på utvandringa frå Valdres på 1800-talet, og på det tette sambandet mellom valdrisar og norsk-amerikanarar fram til vår tid.
Fyrste møte for det nye fagrådet
Publisert: 15/05/2008Fagrådet for Bunad- og Folkedraktrådet var samla til sitt fyrste møte, torsdag 15. mai på Valdres Folkemuseum. Kjærsti Gangsø er oppnemnt som ny leiar. Dei andre medlemmane er Kari-Anne Pedersen, Atle Ove Martinussen, Kirsten Røvig Håberg og Tommy Olsson. Arne Olav Nerjordet og Mari Rorgemoen er oppnemnt som varamedlemmar.
Rakedugnad på Valdres Folkemuseum
Publisert: 14/05/2008No er uteanlegget på Valdres Folkemuseum snart klart til sommarsesongen. Tysdag 13. mai troppa Vennelaget for museet opp med rive og rakelyst. Snart var nesten heile museumsområdet reinska for lauv og gamalt gras, og etter rakinga vart det servert rummegraut, spekemat og saft.

Kulturminneåret 2009
Publisert: 02/05/2008Valdres Natur- og Kulturpark og Valdresmusea AS inviterer til ope møte på Slidrehuset, Valdres Folkemuseum torsdag 8. mai klokka 19.00, for å drøfte planar og idear for markeringa av kulturminneåret i Valdres i 2009.

300 000 kroner frå Oppland fylkeskommune
Publisert: 28/04/2008Fylkesutvalget i Oppland fylkeskommune stør Valdresmusea AS med kroner 300 000 til arbeidet med friluftsteateret Sol av Isfolket. Det er stor gjevarvilje, både frå offentlege styresmakter og frå næringslivsaktørar. Kjetil Lundemoen (AP) seier i ein kommentar til avisa Valdres at arbeidet med framsyninga er eit eit godt tiltak, særleg i forhold til den utviklinga fylkeskommunen ynskjer for Valdres Natur- og Kulturpark og for heile regionen.
Stavkyrkjestokk på vandring
Publisert: 22/04/2008Ein stavkyrkjestokk frå Fystro stavkyrkje vart tysdag 22. april flytt til kyrkjeutstillinga på Valdres Folkemuseum. Arbeidet vart utført med handkraft og gravemaskinpresisjon.
Valdresmusea AS skriv informasjonshefte om Fagernes
Publisert: 22/04/2008Museet er i ferd med å sluttføre arbeidet med eit informasjonshefte om Fagernes. Heftet blir ei kulturhistorisk framstilling av Fagernes, frå etableringa av den fyrste handelsverksemda på Øvre Nes gard i 1857, til utfordringar om fråflytting og kjøpesenterproblematikk i vår tid.
Fagernes barnehage på Valdres Folkemuseum
Publisert: 22/04/200815. og 18. april fekk Valdres Folkemuseum besøk av 20 ungar frå Fagernes barnehage. I barnehagen hadde ungane sett på gamle bilete og dei hadde snakka om gamledagar. På museet fekk ungane lære korleis husa vart bygde før i tida, dei fekk studere leikebilane og dei fekk høyre langeleikmusikk medan dei åt nista si.
Barnas dag 21. mai på Valdres Folkemuseum
Publisert: 03/04/2008Fire- og femåringar i barnehagane i Valdres har fått invitasjon til Barnas dag på Valdres Folkemuseum. Valdres Folkemuseum er den største og finaste leikeplassen i heile Valdres. Det er ikkje berre me som jobbar på museet som synest det. Her har ungar leika i over 100 år og kvar sumar kjem ungane tilbake.

Opplysningen 1881 sponsar Sol av Isfolket
Publisert: 01/04/2008Friluftsteateret Sol av Isfolket har inngått sponsoravtale med Opplysningen 1881. Avtalen sikrar Sol av Isfolket eit økonomisk tilskott til ein verdi av 400 000 kroner. Arbeidet med Sol av Isfolket har vekt stort engasjement hos det lokale næringslivet i Valdres. Denne gongen er det ein betydeleg nasjonal aktør som har vist interesse for friluftsteateret.